
Blomar
Sommaren 2021 starta vi så smått opp med eit lite felt med georginer. Desse blomane er eit verkeleg eventyr, så vakre og manfoldige!
I august og september kan du komme og plukke dine eigne georginer i blomsterhagen vår, og vi har buntar med blomar i gardsutsalet. Vi har også nokre andre sortar som Cosmos og Daucus . Ta gjerne kontakt om du vil bestille blomar til ein anledning som dåp eller konfirmasjon.
Vi håper lokal blomsterdyrking igjen kan få ein større plass i Norge. Dette er ein motsats til den store blomsterindustrien der blomar blir frakta lange avstandar med fly. I staden vektlegg ein verdien av å vente og lengte etter blomar i sesong og å godta at ein ikkje har tilgang til alle sortar året rundt.
Med lokaldyrka snittblomar blir avstanden mellom bonden og kunden mindre, og ein ser verdien i det lokale og sesongbaserte.
Dette gler vi oss så til å jobbe meir med!
O L A V . H H A U G E
"Du rører ikkje ein blom utan stjernone skjelv."