Fruktgarden

Nordre Nes er på 180 daa dyrka mark, av dette er 90 daa eple, 20 daa plommer og 70 daa korn.

Vi dyrkar vi fleire sortar eple: Discovery, Katja, Raud Aroma og Rubinstep. Våren -21 planta vi eit nytt felt med sortar som er fine å bruke til eplemost, sider og for salg som spiseeple i gardsutsalet vårt, dette er bl.a. Rosette, Santana, Elstar og Raud Ingrid Marie. Plommesortane våre er Opal, Mallard, Reeves og Valour, og så har vi ei lita rekke med nydelege pærer av sortane Ingeborg og Celina.

Arbeidet i ein frukthage endrar seg med årstidene: Vi skjer greiner om vinteren, plantar nye tre om våren, tynner om sommaren og haustar frukt på hausten. Vinteren er også tid for vedlikehald, reparasjonar og planlegging av neste sesong.

I N G E R H A G E R U P


I eit landskap nytt og uten minner

Står et epletre i blomst og skinner

Epletreet dufter nyskap sommer

Her har tiden aldri vært

Den kommer

_

Vi prøver å drive garden på ein mest mogleg skånsom måte for menneske og miljø. Etter over 20 år med økologisk drift såg vi oss nødt til å avslutte økodrifta våren 2025. Dette er med tungt hjarte, men noko som har tvinga seg fram pga økonomi og arbeidsbelastning.

Vi kunne ønske vi kunne fortsette å dyrke økologisk, men dette klarer vi ikkje med den prisen vi får for frukta av matvarekjedene. Vi brukar likevel økologiske metodar så mykje vi klarer, sjølv om drifta ikkje lenger er Debio-godkjent. Vi brukar ingen plantevernmidlar på frukta som ikkje er lov i økologisk dyrking. Vi sprøyter med bakepulver og grønnsåpe og andre økologiske plantevernmiddel. Lette maskinar og minst mogleg pløging trur vi er bra. Å tenke nøye over kva vi jobbar med og korleis vi skal gå vidare og forbetre drifta er viktig for oss.