Oss og garden

Garden Nordre Nes finn du i eit frodig og idyllisk landskap ut mot Norsjø i Telemark. Her er det eit godt klima for fruktdyrking, og på garden har det vore dyrka eple i fleire generasjonar.

Vi som bur på Nordre Nes no er Tone Ness og Mikkel Aanderaa, dei to borna våre Marie og Johanne, foreldra til Tone, og tre katter og fem høns som går fritt på tunet.

Mikkel har vakse opp på turistgarden Uppigard Natadal i Flatdal, og har tidlegare budd i Oslo, på Møsstrond og Svalbard. Han er utdanna journalist, og har jobba i mange år i media. Nå er Mikkel fruktbonde ved sida å ta på seg journalistoppdrag og drive eit firma som leverer breiband. Han er flink til å finne praktiske og tekniske løysingar på det meste på garden. Tone ser dei store linjene og detaljane, og likar å planlegge og finne vegen vidare. Tone er odelsjente, fjerde generasjon fruktdyrkar og sjette generasjon i sin familie som driv garden. Ho har utdanning i sosialantropologi og kulturstudiar, har tidlegare jobba med kulturhistore og på museum og budd i London og Oslo.

«Vi håper lokal blomsterdyrking igjen kan få ein større plass i Norge."

Å drive ein gard og skulle leve av han kan by på mange utfordringar. Det var ikke sjølvsagt at vi skulle flytte hit og drive garden. Det er krevande å drive jorda og ta vare på alle bygningane. Samtidig gjev det så mange muligheter til skape vår eigen arbeidsplass og til å styre vår eigen kvardag. Ikkje minst er det ein meiningsfull jobb å dyrke mat. Vi likar å jobbe med jorda og å dyrke fram mat. Vi likar å ha stor plass kring oss, vi likar å kjenne lukta av jord og grass og epleblomar på våren. Vi blir glade av å leve tett innpå skiftningar av luft og lys og fargar i naturen rundt oss kvar einaste dag.

Det er ei oppleving i seg sjølv å gå inn i bugnande, duftande frukthagar og plukke sine eigne eple eller plommer. Vi ønskjer ikkje berre å dyrke mat, vi ønskjer og å nå dirkete fram til folk og vise kva ein fruktgard kan vere. Vi vil dele litt av sesongens særpreg, stemningen på tunet og i frukthagen vår, og håper eit besøk hos oss kan vere eit lite pusterom i kvardagen.

Mikkel + Tone
Marie + Johanne