Historie

Nordre Nes vert av eldre folk kalla Prestgarden og namnet på sideren vår Prestgard er tatt fritt etter dette. Garden er ikkje ein prestegard nå, men soga fortel at det var her prestegarden i Nes sokn var før svartedauden. Seinare vart garden enkesete, slik at enka etter presten hadde burett her. Framleis har presten rett til å sette hesten sin i stallen vår (som nå er gardsutsal!) og skifte til prestekjolen på kjøkkenet vårt!

I 1892 vart garden dela i to gardar, begge med navnet Nordre Nes. Vi bur på den eine av desse gardane. Det var også på denne tida dei byrja å dyrke eple for sal på garden. Dette er bakgrunnen for årstalet 1892 på eplemostetiketten vår.