
Gardsutsal
I den gamle stallen i låven vår har vi eit lite gardsutsal.
Her sel vi våre eigne produkt som eplesider, økologisk eplemost og, etter sesong, nyplukka georginer, plommer og økologiske eple. Og av og til sel vi nystekt brød eller pizza frå bakaromnen i eldhuset vårt. Du finn også nokre andre produkt som vi synest passar fint inn hos oss, blant anna handlenett i økologisk bomull og ei vakker bakebok.
Vi har ope på hausten og fleire helger året rundt. Dette blir publisert på Instagram og Facebook. Frukt, sider og eplemost kan og bestillast for henting på garden.
Nordre Nes eplemost
Til eplemosten vår brukar vi kun våre eigne nyplukka eple. Sidan vi dyrkar og haustar epla sjølv, har vi god kontroll at det er god frukt som havnar i mosten vår. Vi haustar epla ein dag, og neste dag vert dei pressa på presseriet Epleblomsten på Gvarv.
Nordre Nes eplemost skal serverast kald, passar perfekt som tilbehør til mat, eller som ein iskald leskande drikk aleine.
Mosten er pressa med fruktkjøtt. Dette vil etter ei tid synke til botn av flaska, det er derfor lurt å riste flaska godt før bruk.
I nettbutikken vår finn du alle eplemostane våre.
Sortar vi har av eplemost sesongen 2025:
D I S C O V E R Y :
Full av aroma, balansert syre og sødme.
Allsidig, passar til mange typer mat
ROSETTE :
Frisk, søt og syrleg.
Allsidig, passar til mange typer mat
RAUD AROMA:
Rund og søt. Passar til frokost eller til krydra mat.
SPESIAL:
Blanding av fleire sortar eple. Frisk og syrleg. Ypperleg til fisk og sjømat.
Du kan bestille eplemosten vår i nettbutikken vår, kjøpe i gardsutsalet vårt, og i utsalsstadene i lista under.
Prestgard eplesider
Garden vår vert kalla for “Prestgarden.” Derfor kallar vi eplesideren vår Prestgard.
Sideren er musserande, tørr, syrleg og frisk., med ein nydeleg eplesmak. Han skal serverast iskald og passar godt til fisk, sjømat og kvitt kjøt, men også til rettar med sødme og fylde, som f eks fårikål.
For å lage “Prestgard” set vi nypressa, upasteurisert eplemost på ein tank, så får han stå og putre og godgjere seg gjennom hauseten og vinteren . Gjæringa kjem raskt igang og villgjæren gjer most om til sider. Sideren vår er derfor spontangjæra. Villgjæren er den naturlege gjæren som finnast på epleskallet, men den kan også vere i låven der sideren blir laga.
Ta kontakt om du ønsker å kjøpe sider. Prestgard selgast kun frå garden vår.
Les meir om Prestgard her og Prestgarden her.
P R O D U K T A V Å R E E R O G S Å H E R:
Bø Brød, Bø i Telemark
Bø Bakgård & Basar, Bø i Telemark
Lokalmat Telemark, Bø i Telemark
Ikke bare brød, Porsgrunn
Maschmanns, Skøyen
Kolibri Kolonial, Oslo
Håndbakt, Oslo
Silkevippa, Åmot
Lega, Rauland
Siloen, Morgedal