Nordre Nes

Garden Nordre Nes ligg i eit vakkert fruktlandskap på Nesodden, ut mot Norsjø i Telemark. Her er det eit særleg godt klima for fruktdyrking, og på garden har det vore dyrka eple for salg i over 100 år. Ved sida av eple, dyrkar vi også pærer, plommer, samt korn. Vi lagar vår eigen eplemost og eplesider, dyrkar snittblomar og har eit lite gardsutsal. Vi håper at eit besøk hos oss kan vere eit lite pusterom, og ønsker deg velkommen til å gå inn i bugnande, duftande frukthagar og plukke dine eigne eple.

Vi som bur her no er Tone Ness og Mikkel Aanderaa, dei to borna våre, foreldra til Tone, og tre katter og fem høns som går fritt på tunet.

Les meir om oss her

 «I eplemosten vår er det kun våre eigne økologiske eple.»

Nordre Nes økologisk eplemost

Til eplemosten vår brukar vi kun våre eigne økologiske epler. Sidan vi dyrkar og haustar epla sjølv, har vi god kontroll at det er god frukt som hamnar i mosten vår. Vi haustar epla ein dag, og neste dag vert dei pressa på Telemark- frukt og bærpresseri på Gvarv.

Nordre Nes økologisk eplemost er Debiogodkjent og inneheld ingen tilsetningsstoff. Den skal serverast kald, passar perfekt som tilbehør til mat, eller som ein iskald leskande drikk aleine. 

Mosten er pressa med fruktkjøtt. Dette vil etter ei tid synke til botn av flaska, det er derfor lurt å riste flaska godt før bruk.

Du kan bestille eplemosten i nettbutikken vår, kjøpe den i gardsutsalet vårt eller bestille for henting på garden. Sjå også lista vår over andre utsalsstader.

Gardsutsal

I den gamle stallen i låven vår har vi eit lite gardsutsal.

Her sel vi våre eigne produkt som eplesider, økologisk eplemost og, etter sesong, nyplukka georginer, plommer og økologiske eple. Og av og til sel vi nystekt brød eller pizza frå bakaromnen i eldhuset. Du finn også nokre andre produkt som vi synest passar fint inn hos oss, blant anna handlenett i økologisk bomull og ei nydeleg bakebok.

Vi har ope på hausten og fleire helger året rundt, dette blir publisert på Instagram og Facebook.


Gardsutsal vår/sommar 2022

Ta kontakt med oss for opningstider i mai og juni. Eplemost og eplesider kan også bestillast for henting hos oss.

Ny økologisk eplesider årgang 2021 er klar i juli 2022.

Det vi har nå i mai er dette:
Prestgard eplesider på 0,37 L flaske.
Økologisk eplemost på flasker og 3L-kartong, og i gavepose.
Bakebok av Siv Svolvsbru og Hilde Mork: Volum 02 -bakst og grønne tanker.
Fotoposter “Poppy Song” av Hilde Mork.
Handlenett og nett til frukt og grønt i økologisk bomull.

 
 

«Vi likar å kjenne lukta av jord og gras og epleblomar på våren.»